Posering i snø og kulde

Det kan sikkert sjå kaldt ut å posere med tynn kjole i eit snølandskap. Og ja, det kan så klart bli kaldt. Men eg vel gjerne ein dag der temperaturen er nokså grei. Eg har med meg kjolen i sekken, men går med vanleg turbekledning. Så riggar eg til kamera, stativ og gjer det meste klart før eg skiftar. Eg har dunjakka parat. Dersom beina ikkje kjem til å vise på motivet, har eg stilongs og sko på heile tida. Dersom det skal være barføtt, står eg på eit saueskinn og retusjerer ev. litt i photoshop etterpå. Eg går gjerne ein del fram og tilbake mellom kamera og motivet, og då trakkar eg barføtt i lause sko med truger på. På eit motiv skulle eg stå på ein stol i snøen for å komme litt over bakken. Den tippa, så eg havna på knea i tynnkjole i laussnøen! Neglesprett på tær kan skje.

Men det som er litt snodig, er at når eg går inn i “fotobobla”, så blir eg fullstendig fokusert på å få til det eg har tenkt, og gløymer tid og stad. Derfor kjenner eg gjerne ikkje at eg har blitt kald, har stukke meg på brennesler, har slått meg litt, fått ein haug med myggstigg eller andre ubehag. Tåleevna går liksom opp. Alt for kunsten, som dei seier?

Previous
Previous

Julehiet blir til

Next
Next

Kråkeråd