Eg er ei ganske vanleg (?) dame med ein ganske stor fantasi. Eg kan få meg til å fabulere over kvifor molter heiter cloudberries på engelsk, eller kva som skal til for å lage ein fossekjole. Sånne heilt vanlege fabuleringsspørsmål. Som det er fint å ta med til fabuleringsfabrikken og setje ut i live!
Naturen er der eg ofte går for inspirasjon og kulissar. Det var naturinteressa som førte til ei fotointeresse som førte til ein fabuleringsfabrikk. Fabrikkproduksjonen kan ta mange retningar, og det er fint å tenke at det neste til å bli fabulert, det har eg kanskje ikkje tenkt på endå.
For meg er dette kreative universet eit pusterom der eg går inn i ei boble og gløymer tid og stad. Eg brukar meg sjølv i motiva, mest fordi eg hentar energi av kreativ åleinetid. Det er gjerne litt utleverande og slik sett litt skummelt. Men eg tenker at verda treng fleire fabulantar, og her må ein vere både direktør, fotograf, sjåfør og modell.
Det å vere både framfor og bak kamera krev mange ulike evner, og det er ekstra kjekt dei gongene det klaffar. Så blir det så klart mykje prøving og feiling. Den delen som går på å uttrykke ei spesiell kjensle eller ein stemning er kanskje det som er mest krevjande. Å gå frå “intenst teknisk fokusert på lukkartid og fotovinkel” til å uttrykke “drøymande alv i moseseng” på femten sekund krev sitt.
Det som er fint med fantasi, er at ein ganske kjedeleg bergvegg kan bli ein portal til eit eventyrland, eller at ei snøfonn kan bli til ein brudekjole. Når du går deg ein tur i skogen - ser du hulder og einhjørning, eller berre grantre og berg?..
Takk for at du stakk innom mitt kreative hjørne!