Økosofi tyder naturvisdom og er introdusert av filosofen Arne Næss. Økosofien seier at alt som lever, er delar av den same heilskapen, og at alle levande vesen har like stor rett til å utfalde seg. Økosofien kan ein kalle et livssyn som handlar om å endre menneska sitt høve til naturen - at mennesket blir sett som ein del av naturen og ikkje står over den i rang. Ikkje så lett å etterleve i dagens samfunn, men eg synest det er ein fin tanke. Bileta som er samla her synest eg passa til tittelen, sjølv om det ikkje var tiltenkt der og då.