Tromletrøbbel

Det tok ein del pønsking for å finne ut korleis eg kunne gjennomføre dette motivet.

Eg kunne ha valgt å photoshoppe, men det blir gjerne meir realistisk når det er utført i den “ekte” settingen. Vaskerommet i kjellaren passa bra.

Med planen klar var det tid for å utføre.

Balansekunst, litt magetrening og trådar teipa i taket (dårleg teip, så det løsna fleire gonger). Men så satt det!

Det var i grunnen fort gjort å utføre, planlegginga var det som var jobben.

Etterarbeid i photoshop: Eg tar eit bilete kun med bakgrunnen, og legg motivet oppå. Så “viskar” eg bort det som ikkje skal vere med.

Previous
Previous

Kråkeråd

Next
Next

Ballongtrapp